Ole Terje si side

25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

søndag, februar 07, 2010

Denne bloggen er inaktiv

Sjå gjerne familiebloggen på www.14juli2007.blogspot.com

fredag, november 09, 2007

Snart ferdig utdanna lærar

I skrivande stund er det 1 mnd og ei helg igjen til underteikna er ferdig utdanna lærar. Studietida er over for denne gong. Eg ser ikkje bort i frå at det blir vidareutdanning seinare, men nå er det arbeidslivet som kallar for ei periode.

Det blir både rart og godt å ikkje skulle kalle seg student lenger. Studenttilværelsen er liksom eit mellomstadie føler eg, her eg sit å jobbar med mi siste oppgåveinnlevering på ei god stund. Studenttida er ungdomens- og skuleelevens siste russetid. Kanskje ikkje slik ei russetid ein høyrer om i media, med fyll og bråk, men meir ei tid der ein skal gjere seg ferdig med å vere elev. Ei tid der ein skal gjere seg ferdig med å vere ungdom. Ei tid, som satt i samanheng er ei kort tid, med mykje som skjer, og mykje som påverkar det livet ein skal leve vidare.

Det slår meg, når eg sit og ser ut vindauget på Betania, at denne tida har betydd svært mykje for meg. Eg tviler ikkje på at det kan gå knirkefritt å berre hoppe av skulen etter vidaregåande, og berre kome i gong med arbeidet. Det er både økonomisk og mykje meir lettvint på mange måtar. Men eg vel å tru at ein går glipp av noko. Å vere student handlar ikkje alltid om det å lese seg opp til eksamen, sjølvstudium, høge studielån og ei smal lommebok. Det handlar like mykje om ei personleg utvikling som kjem som eit utslag av det sosiale livet i menigheten, klassefellesskapet, dei utfordrande oppgåvene, dei ulike styreverva og den aukande interessa for det ein vel å studere og sette seg ekstra inn i. Å vere 19 år og skulle bli voksen på 1 2 3, er ikkje noko eg ville ha bytta ut med det å vere 25 år og verkeleg klar for å kome videre i livet.

Ingen spør lenger kvar eg har gått på vidergåande. Det er både trist og godt. Trist at det ikkje lenger er naturleg å berre døgne for å døgne. Trist at det ikkje lenger høver seg å ha vannkrig i fleire timar med folk ein knapt har sett før. Trist at ein ikkje lenger kan skrive lappar i timane og vere naiv og tru at læraren ikkje har observert det. Godt skal det bli å kunne levere inn nøklene til skapet på høgskulen. Ikkje berre for å få igjen dei hundre kronene, men like mykje for å sleppe den forferdelege blandinga av sure sokkar, våte handkle og tørre skulebøker. Godt skal det bli å bli ferdig med ei periode der ein ofte har følt at ein berre går i sitt eige lille univers og lurer på om bobla kan sprekke eller om alle dei over 40 MÅ ha på lyden på mobilen i lesesalen. Godt skal det bli å føle at ein gjer ein jobb, og ikkje berre jobbar fram mot einskilde eksamenar og innleveringar.

Eg sit å ser ut eit vindauge i Betania. Det er snart vindusvask, noterer eg meg. Ute har snøen fartstest sideslengs, mens kranen på Dokken vitnar om at arbeidskarane er i full gang etter stormen Andrea. Det slår meg at det var meterolog eg skulle blitt. Eller kanskje dyrlege, tømrar, revisor, tannlege, industrimekanikar, sjukepleiar eller profesjonell hundeinstuktør. Eller kanskje ikkje. I alle fall ikkje i denne omgang...

onsdag, oktober 31, 2007

Svært forvirra og morsom konkurransevinner




Denne linken kan anbefales... Den absurde situasjonen oppsto da radioverten i Radio 2 i De Forente Arabiske Emirater ringte den stressede butikkansatte Vinod. DJ'en ville viderebringe gladnyheten om at Vinod hadde vunnet 1000 dirham, som tilsvarer i underkant av 2000 kroner. To uker tidligere hadde vinneren meldt seg på radiokonkurransen i regi av IKEA, som like før hadde etablert seg i Emiratene.
Men i løpet av de to ukene hadde Vinod glemt hele konkurransen. Opptatt med tre andre kunder, var han derfor mest interessert i at DJ'en annonserte ærendet sitt så hurtig som mulig.


Husk å skru på høytaleren på pcen:)


TELL ME... TELL ME

søndag, oktober 28, 2007

Hellig krig


Nå nermar det seg full innsats på semesteroppgåva på KRL2-studiet. Eg har valt å skrive om Jihad, hellig krig. Eit veldig spennande og komplisert tema. Fekk veldig lyst å velge dette då eg byrja å lese litt om det i pensumlitteraturen.


Føler eg må fortelje litt om Jihad, slik at fleire kan få vite om dette begrepet:

Innanfor muslimsk tradisjon er det to ulike tydningar på Jihad, den store og den lille. Den store Jihad er den som kvar muslim skal strebe etter heile sitt liv. Det handlar om overenstemmelse med Gud (Allah) og å legge vekk sine eigne ynskje og tankar. Det er vanskeleg å samanlikne dette begrepet med noko i den kristne trua, men helliggjørelse må vere det begrepet som liknar mest. For at den lille jihad i det heile tatt skal kunne vurderast, må den store jihad vere "inntakt". Den lille jihad er den ein høyrer om på nyheitene. Det er den ein forbinn med 9/11, bombene i London og andre terrorhandlingar utførte av muslimer. Den lille jihad handlar om å beskytte Islam, om å kjempe for eit Islamsk styre, å kjempe mot den vestlige kulturen.


Mi oppgåve skal dreie seg om å studere ei sure (sure 9) i Koranen og sjå på ulike hendingar og styresett som har tatt utgangspunkt i desse versa. Koranen er på mange måter ambivalent til krig, til bruk av våpen og til den kampen som blir ført mot dei vantruande. Og med eit slikt ambivalent utgangspunkt, seier det seg sjølv at det er moglegheiter for ulik tolkning.


Viss du ikkje allereie har sovna av å lese dette, må du berre sette inn ein kommentar. Alltid kjekt å diskutere litt, lære i frå seg eller lære noko nytt.

fredag, oktober 26, 2007

Ole Terje Sukka har skifta skisponsor


"Ja, nå har det skjedd, Ole Terje Sukka har skifta skimerke. Frå å køyre på tyske Völkl, har han nå skaffa seg ein super kontrakt med K2... Kor mykje sponsorkontrakten går ut på, vil han ikkje kommentere, men det er snakk om eit gullkanta opplegg for suldølingen"
Ja, tenk om det hadde vore slik... Men, det er nok ikkje heilt slik det foregår. Det som derimot er sant, er at eg har skifta frå Völkl Karma til K2 Seth. Det er desse skia som ein kan sjå på bildet, berre i ein raudfarge. Det som kanskje er like spennande, blir å prøve dei nye bindingene. Har skifta over til Hammerhead, som er ei lettare men stivare binding. Den er visst ideel til toppturbruk, i og med at ein kan enkelt justere mellom 5 ulike stivhetsgrader.
Nei, det blir vel aldri noko sponsing på meg, men skikøyring skal det uansett bli. Håper på mange gode toppturer i år. Så nå blir prosjektet for resten av hausten å komme i form, slik at ein ikkje må ta pause for kvar hundre meter ned fjellet.
"Den glade karen frå Suldal avsluttar med å fortelje at for å få lov av kona til å skifte skimerke, måtte han jobbe eit par ekstra vakter i barnehagen."

mandag, oktober 22, 2007

Tilbake igjen på bloggen???


Til alle dykk som har vore innom her for å sjekke om eg har lagt ut noko nytt, har eg berre ein ting å seie: Eg beklager på det sterkaste denne manglende oppdateringa.


Eg skal nå prøve å oppdatere litt oftare, slik at det går an å følge litt med på kva som skjer i livet mitt (vårt). Denne facebookbølga skal nok ta litt av skylda, men langt i frå heile.


Men, de må vere flinke å gi kommentarar, slik at eg veit at de har vore innom. Ellers blir det nok ikkje så mange oppdateringar framover;)


Nå kaller skulen. Ha ein super dag, folkens
(Bildet er forresten fra "arkivet", men for å framkalle litt av den gode vinterstemninga kunne eg ikkje dy meg. Det måtte ut på nettet

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...